DUNHEIA havrebrød
Dunheia havrebrød er det første brødet i ein serie bakverk eg har valt å kalle opp etter fjella rundt hytta vår i Nordfjord. Dette er eit område eg har gått tur i sia eg var lita og eg er veldig glad i desse fjella.
Til 3 brød på ca 1 kg bruker eg:
1200 gr sikta kveitemjøl
200 gr sammalt havremarg
80 gr lettkokte havregryn
160 gr vatn til skålding av havregryn
20 gr malt
20 gr lys sirup
1120 gr vatn (80% eks skålding)
28 gr salt (2%)
280 gr starter (20%)
Slik gjer eg:
Brødet er bakt etter master prosedyre beskreve i "Slik baker eg".
Havregryna skålder eg i kokande vatn som eg kjøler ned før eg tilset dei ilag med starter etter autolysen.
- 5,5 timer RT bulk
- Forming
- 12-16 timer heving i form ved 3 grader
Steikt på 240 grader på stein i ca 30 min. Dersom du baker i anna ovn kan steiketida bli annaleis. Bruk termometer til å sjekke kjernetemperatur (95-96 grader)