JULEGEITER
Julegeiter er ein tradisjon eg vart kjend med då eg flytta til Jæren. Eg hadde verken høyrt om eller sett dei før. No er desse avlange bollane med snitt i begge ender ein av dei tinga vi MÅ bake til kvar jul og gjerne i fleire omganger for det forsvinn så fort. Svigermor sine julegeiter er med god margin dei aller beste eg har smakt. Så det er hennar oppskrift eg har tatt utgangspunkt i for å lage min surdeigsvariant. Oppskrifta er til ca 13 geiter på ca 143 gram kvar (!)
Eg bruker:
750 gr sikta kveitemjøl
200 gr sikta rug
120 gr mørk sirup
50 gr sukker
100 gr smelta meierismør
498 gr H-melk
10 gr salt
238 gr moden søt starter (25%)
Slik gjer eg:
Julegeitene er baka etter standard metode for småbakst som du kan lese om i "Slik baker eg".
Ingen autolyse. Blander alle ingrediensane utenom saltet og elter i ca 15 min. Etter 30 min kvile klemmer eg inn saltet.
Bulkheving i ca 10 timer i romtemperatur og 2-3 timer i kjøleskap av henging av når du har tid til å forme geitene. Av og til strekker og bretter eg deigen litt.
Former avlange boller som eg klipper i begge ender.
Etterheving i 5-6 timer i romtemperatur. Siste heving er viktig for eit godt resultat. La dei ferdige geitene få nok tid til å heve skikkeleg, men ikkje for lenge heller. Eg har testa opp mot 10t og det vart for mykje både med tanke på smak og konsistens. 5-6t har alltid fungert. Pensler med egg og steiker ved 170 grader i 17 min i Rofco. Dersom du baker i standard steikeovn er det fint med 210-220 grader i 15-17 min avhengig av korleis ovnen er.