STEAM BUNS AV SURDEIG
Steam buns er mjuke, dampa halvmåner (eller rundstykker) av kveitemjøl som tradisjonelt blir fylt med langtidssteikt kjøtt og sylta grønnsaker. Dei blir ofte brukt som tilbehør til asiatiske retter. Eg har laga ein variant med surdeig som hevemiddel med utgangspunkt i opprinnelege oppskrifter med gjær. Oppskrifta er til 8 steam buns.
Eg bruker:
450 g kveitemjøl
130 g vatn
60 g melk
85 gr modna, fin starter
nøytral olje til pensling
Slik gjer eg:
Ha alt i ein bolle og bland godt. Eg bruker hendene. Dette er ein veldig tørr deig, kan minne litt om å lage pasta. Det er viktig å ikkje tilsette meir væske, men heller jobbe med deigen på benken til det blir ein glatt og fin deig (ca 15 min).
Legg deigen tilbake i ein rein bolle og legg eit fuktig handkle over. Sett til heving ein lun plass (feks i steikeovnen med ~30 grader). La deigen heve til dobbel størrelse. Dette tar 3-4 timer med min starter.
Legg den ferdig heva deigen på benken og kevle den til eit stort rektangel. Rull så saman deigen til ein sylinder. Kjevle igjen til rektangel og rull saman. Gjenta dette 4 gonger.
Del så deigen i 8 deler og la dei kvile på benken i 20 min med plast over.
Mens deigemnene kviler kan du klippe opp 16 papirbiter på ca 9x9 cm. 8 av disse smører du lett med olje på kvar side, dei 8 andre på kun den eine sida.
Kjevle alle emnene til ca 8 cm ovale rektangel. Legg eit papir som er olja på begge sider på den eine halvdelen og brett den andre halvdelen over. Legg på ein papirbit med olje bare på ei side. Etterhev i 20 min. Ha emnene opp i ein beholder med hull i som kan settast over damp. Eg brukte ein bambusdamper som du får kjøpt i asiatiske butikker. Damp i ca 20 min på middels varme. Legg i eit under fuktig håndkle til du skal servere. Du kan bruke dei med det same eller fryse dei for seinare bruk. Damp dei då litt før du skal bruke dei.