OPPSKRIFTER

Her legg eg ut oppskrifter eg har testa meg fram til som eg tenker andre kan ha glede av. For brød og småbakst er RT (romtemperatur) 23-25℃ med mindre anna er beskreve. Alle oppskriftene er med 100% surdeig som hevemiddel.  
 

Sandskreda ciabatta er nummer to ut i serien bakverk oppkalt etter fjellheimen i Nordfjord. Oppskrifta passer til 6 store eller 12 små ciabatta.

Dunheia havrebrød er det første brødet i ein serie bakverk eg har valt å kalle opp etter fjella rundt hytta vår i Nordfjord. Dette er eit område eg har gått tur i sia eg var lita og eg er veldig glad i desse fjella.

Surdeigsknekkebrød lager eg med modna surdeigsstarter dels for å unngå å kaste overskuddsstarter og dels for at det er veldig godt. Knekkebrøda blir sprøe og får en veldig god smak samanlikna med tilsvarande knekkebrød eg har laga før utan starter. Eg bruker alltid modna og bakeklar starter då det gjev best smak.

Steam buns er mjuke, dampa halvmåner (eller rundstykker) av kveitemjøl som tradisjonelt blir fylt med langtidssteikt kjøtt og sylta grønnsaker. Dei blir ofte brukt som tilbehør til asiatiske retter. Eg har laga ein variant med surdeig som hevemiddel med utgangspunkt i opprinnelege oppskrifter med gjær. Oppskrifta er til 8 steam buns.