HØGEMENNENE urkornbrød

15.06.2021

Høgemennene urkornbrød er eit nytt medlem i brødserien min. Brødet er halvgrovt og oppskrifta er til 3 brød på ca 1 kg kvar. Høgemennene er ein topp i Utvik på 1470m. Forholdsvis lang tur, men flott terreng og utsikt. 


Eg bruker:

500 gr sikta kveitemjøl

440 gr sikta landkveite

250 gr sikta emmer

110 gr klemt emmer

100 gr grov sammalt spelt

150 gr fin sammalt einkorn

60 gr fin sammalt kjempedurum


1168 gr vatn (75% eks starter)

20 gr sirup

20 gr malt

32 gr salt

322 gr grov, moden starter (20%)


Slik gjer eg:

Brødet er baka etter standard metode som du kan lese om i "Slik baker eg".

Eg steiker for det meste brøda på 230-250grader i Rofco b40 i 30 min. Varmer opp ovnen til 250 grader i 1,5-2 timer før baking. Justere ned nokre få grader etter at brøda er sett inn. Tilset rikeleg med damp og let brødet steike med damp i 20min. Åpner då døra og slepp ut dampen. Steiker videre i nye 10 min. Mål temperatur mot slutten for å ikkje steike for lenge. Kjernetemperaturen skal vere ~96 grader når det er ferdig.