#SURDEIGMEDMEINING

39 922 kr har gått til Idas Hjelpefond sidan 2019

Å få vekse opp i eit land der du kan gå på skule, få deg ei utdanning, ein god jobb, økonomisk frihet til å kunne fylle livet ditt med hobbyer og aktivitet som gjev deg og familien stor glede er ingen selvfølge. Vi er heldige og i vårt land har veldig mange det slik. Eg er ein av dei. Ei fantastisk studietid og ein meiningsfylt jobb i Equinor som bidrar til den velstanden vi er vokst opp med. Å få vere med på det grønne skiftet frå innsida er også motiverande og oppleves viktig. 

Å ha mulighet til å drive med surdeigsbaking på fritida slik eg gjer er eg veldig takknemleg for og skaper balanse i mitt liv. Men eg vil ikkje ha ein ny jobb. Eg vil behalde denne gleda som ein hobby. Samtidig kjenner eg på ei sterk lyst til å bidra til at dei som ikkje har hatt same mulighetene som meg skal få det.

Så; eg har ikkje starta bakeri, jobb har eg. Men eg vil ha pop-up utsalg med jevne og ujevne mellomrom der alt eg tjener går til Idas Hjelpefond og det fantastiske arbeidet Ida gjer i Guatemala for å gje dei en bedre oppvekst og bedre vilkår for å klare kvardagen. «Ingen kan hjelpe alle - men alle kan hjelpe noen» er mottoet til Ida. Om eg kan fortsette å trene på surdeigsbaking, glede naboer og andre med godt bakverk og samtidig hjelpe nokon å få et bedre liv kjennes det godt.