OPPSKRIFTER

Her legg eg ut oppskrifter eg har testa meg fram til som eg tenker andre kan ha glede av. For brød og småbakst er RT (romtemperatur) 23-25℃ med mindre anna er beskreve. Alle oppskriftene er med 100% surdeig som hevemiddel.  
 

Rakssætra Mask er eit bygg- og kveitemjølbasert, halvgrovt brød (30%) oppkalla etter ein av mange fine støylane i Nordfjord som vi bruker flittig i alle ferier. Mask er det som blir igjen etter ølbrygging. Eg får masken frå det lokale microbryggeriet her på Bryne. Kva masken består av variere frå gong til gong. Det kan bestå av feks bygg...

JULEGEITER

08.11.2021

Julegeiter er ein tradisjon eg vart kjend med då eg flytta til Jæren. Eg hadde verken høyrt om eller sett dei før. No er desse avlange bollane med snitt i begge ender ein av dei tinga vi MÅ bake til kvar jul og gjerne i fleire omganger for det forsvinn så fort. Svigermor sine julegeiter er med god margin dei...

Høgemennene urkornbrød er eit nytt medlem i brødserien min. Brødet er halvgrovt og oppskrifta er til 3 brød på ca 1 kg kvar. Høgemennene er ein topp i Utvik på 1470m. Forholdsvis lang tur, men flott terreng og utsikt.

Eg har baka pizza i den vedfyrte steinovnen i 10 år denne sommaren. I starten baka eg kun med gjær, men har dei siste 2-3 åra gått over til å kun bruke surdeig. Begge deler fungere heilt fint, men eg syns pizzaen med surdeig blir ekstra god. Det er noko med skorpa og konsistensen som ikkje blir det same...

Steinbakte surdeigsbaguetter med emmer og spelt. Oppskrifta passer til 6 baguetter på ca 320g eller 12 minibaguetter. Ein baguett skal ha tre brunfarger når den er ferdig. Mørk brun på endane og øyrene, brun og lys-gylden der den er snitta.

SAFRANNØSTER

25.02.2021

Safrannøster er min luciabollevariant med surdeig. Eg syns det vart både fint og koseleg å lage disse som nøster. Oppskrifta passer til ca 15 nøster.

SEMLOR

25.02.2021

Semlor er den svenske varianten av fastelavensboller. Inspirert av oppskrifta til Fru Timian har eg laga ein variant med surdeig. Oppskrifta er til ca 20 boller på i overkant av 80 gram.

Støyvastøylen grove frokstbrød er lette og luftige frokostbrød som består av heile 60% grovt mjøl. I tillegg er det frø og kjerner som er godt for oss.

KANELKNUTER

25.02.2021

Kanelknuter med surdeig er fantastisk. Det er noko med smak og konsistens som du ikkje får når du bake med gjær. Dette er sjølvsagt smak og behag, men for meg har kanelknuter kome på eit heilt nytt nivå med surdeig. Kanelknuter var noko av det første eg bakte av søtbakst med kun surdeig. Eg brukte litt tid på å...

COOPENHORN

25.02.2021

Coppenhorn er noko alle som vaks opp i Stryn og omegn på 90-talet har eit nostalgisk forhold til. Disse fine horna med hint av kardemomme med ost og skinke på er eit skikkeleg godt matminne. Eg har prøvd meg på ein surdeigsvariant av disse ikoniske horna. Oppskrifta er til ca 18 horn på ca 150 gram.